fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Aktivitetar

Informasjonsmøte / Open skule
© Illustrasjon:
torsdag, 28. november 16:30-17:30       Skulen    Føresette

Informasjonsmøte / Open skule

Hovudfristen for søknad for kommande skuleåret 2025 – 2026 er 1. februar.

Kvart år arrangerer vi eit informasjonsmøte i forkant av søknadsfristen for dei som ynskjer meir informasjon og innsikt i skulen sin pedagogikk og metode, og elles kvardagen hos oss. 

Vi trur og håpar det vil vere spesielt interessant å få ein presentasjon av skulen og pedagogikken for dei av dykk som vurderer om barnet dykkar skal begynne på Holmedal montessoriskule eller om de allereie har bestemt dykk for å søke. Det vil også vere mogeleg å besøke skulen i skuletida etter avtale, for å sjå og observere.

I dette møtet vil vi snakke om og vise litt av korleis vi arbeider med ulike fag og område. De vil få litt innsyn i materiell og miljø, og møte kontaktlærarar i gruppe 1 (1. – 3. steget), og de får også sjølvsagt høve til å stille spørsmål, og forhåpentlegvis få svar på ting de måtte lure på.

De vil også få informasjon om dagsrytme, personale, fag- og timefordeling skyss, SFO etc.

Velkommen til oss!

NB! Vi set stor pris på om de gjev oss ei kort tilbakemelding dersom de ynskjer å komme (send gjerne sms til 99500883). De finn digitalt søknadsskjema og meir informasjon på skulen si heimeside.

Ta elles kontakt med rektor Oddveig Lyngstad, tlf. 99500883, om de har spørsmål.

Program

16.00 – 17.15

Sal av varm mat, saft, kaffi og kaker v/ 7. steg. Ta middagen hos oss !

Opne klasserom med høve til å sjå skulemiljøet vårt og prøve materiell. Utstillingar av elevarbeid.

17.15 – ca 17.45

Kulturstund med underhaldning av elevane. Hjarteleg velkommen til hyggjeleg samvere på skulen denne ettermiddagen!

7. steg har ansvaret for maten, og må vere igjen på skulen for å gjere alt klart. Alle andre elevar må møte seinast 16.30. (Det er obligatorisk frammøte, og elevane avspaserer dette i løpet av skuleåret). Alle barn som ikkje er på SFO reiser heim før dei kjem tilbake til skulen. Det er fint om SFO - barna vert henta seinast kl 16 denne dagen.

Vi set stor pris på at foreldre tek ansvar for eigne barn i denne økta på skulen, då dei tilsette er opptekne med ulike delar av arrangementet.

18.00 – 19.00

Ei økt med informasjon for føresette til kommande elevar ved skulen

Til kalender