fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Aktivitetar

Vårdugnad
onsdag, 8. mai 16:00-19:00       Skulen    Føresette

Vårdugnad

Vi skal gjere uteområdet vårt fint, slik at her vert fint til 17. mai, og neste skuleår.

Her er det vi ynskjer å få gjort:

- Rake/planere jord og plukke stein på baksida av skulen, evt så og tromle.
- Luke ugras, plante i blomsterkassar og krukker på framsida av skulen

Vi ber dei som kan om å ta med jernrive, hakke/grapse og trillebår.

Elevane på 7. steget lagar og sel betasuppe m/rundstykke for kr 50,- pr.porsjon frå kl 16.00 og framover. Vipps eller kontant.

Gratis kaffi og saft med noko attåt i pausen til alle som deltar i dugnaden.

Vi håpar at mange har høve til å møte fram og ta eit tak, og også vere sosiale i lag denne ettermiddagen!

Styret

Til kalender