fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Aktivitetar

DKS: Geitejazz
tysdag, 10. september       Askvollhallen    Gruppe-1 Steg-4

DKS: Geitejazz

I denne forestillinga inviterer Idun Losnegård og Jacob Wyrtz elevane til å vere med på ein oppjazza versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane».

I eventyret møter vi geitemamma og dei sju geitekillingane hennar, i tillegg til ein litt småsvolten ulv. Ein dag må geitemora ut for å leite etter mat og dei sju killingane må vere att aleine heime. Ho gir killingane sine streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for nokon, og iallfall ikkje ulven. Killingane gjer så godt dei kan, men ulven kan mange triks som ein må ha levd i fleire geiteår for å kunne gjennomskue. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane sine. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...? 

Distriktsmusikar og gitarist Jacob og skodespelar og songar Idun elskar å lage musikk saman med born. I denne framsyninga brukar dei improviserte jazzrytmar og musikalske krumspring for å gjere forteljinga meir levande. Men Idun og Jacob er også heilt avhengige av hjelp frå publikum til å få til den rette grooven. Elevane skal difor få vere å lage lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, og ikkje minst uvêret som bryt laust når ulven brått står midt på stovegolvet.

Til kalender Les meir og Geitejazz