fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Aktivitetar

Skulejulebord
torsdag, 19. desember 08:45-14:30       Skulen    Alle elevar

Skulejulebord

Torsdag 19. desember, arrangerer vi som vi pleier julebord, der vi ber om hjelp frå dykk der heime til å lage ein buffet med variert mat for ein kvar smak.

Dette er vorte ein hyggjeleg tradisjon som vi gler oss til alle. Vi sender med ei liste over alle elevane, og kva vi ynskjer at dei skal ta med til skulen denne dagen, for å få eit variert utval. Om nokon vil byte med kvarandre, er det heilt greitt.

NB! Ver gilde og merke evt. fat og skåler med namn!

Programmet for torsdag vert omlag slik:
08.45 – 11.00: Juleverkstad og brettspel inne + uteaktivitet – blanda grupper.
11.15 – 12.00: Julebord.
12.00 – 13.00: Frileik ute
13.00 – 14.30: Gruppevise aktivitetar

Døme på kva de kan lage/kjøpe innanfor dei ulike kategoriane:

  • Kjøtmat: kylling i ulike variantar, kjøtbollar, småpølser, karbonader, ...
  • Fiskemat: Røykelaks, fiskekaker, fiskeform ...
  • Kaker: Kaker, bollar, kringler ...
  • Dessert: Gelé, pudding, riskrem, moltekrem, fruktsalat ...
  • (Skulen ordnar brødmat og drikke av ymse slag)

Vi ynskjer riktig god jul i kvar ein heim!

Til kalender