fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Aktivitetar

Foreldremøte (gruppe 1)
torsdag, 20. august 17:30-18:30       Skulen    Føresette

Foreldremøte (gruppe 1)

Vi ynskjer hjarteleg velkomne til foreldremøte for gruppe 1

Gruppe 1: Torsdag 20. august, kl 17.30 – 18.30

Vi ynskjer å snakke med dykk om korleis vi ynskjer å drive god skule samstundes som vi held oss til rettleiarane for smittevern i samband med korona – utbrotet. Vi er opptekne av å drive skulen i samsvar med montessoripedagogikken og - prinsippa, og veit at eit godt samarbeid mellom skule og heim er avgjerande for å få dette til. Vi er opptekne av å få til ei god lese- og skriveopplæring frå starten av, og då treng vi dykk der heime med på laget. Det same gjeld arbeidet vårt med eit inkluderande skulemiljø; vi treng å arbeide godt i lag med foreldre og føresette for å lukkast med det også.

Vi håpar at alle foreldre har høve til å komme til foreldremøtet som vi arrangerer kvar haust. Vi ber om at de sjølve set dykk inn i det som er- og blir lagt ut av informasjon om faste rutiner på heimesida til skulen:

På heimesida finn de mellom anna informasjon om kontaktlærarar, musikkgrupper, symjegrupper og symjetider, skulerute, aktivitetskalender og mykje meir.

Vi vil ikkje bruke mykje tid å gå gjennom informasjon som er tilgjengeleg for dykk skriftleg, men det kan vere at de har kommentarar og spørsmål som er viktige å få fram.

Til kalender