fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Etter skuletid

Påmelding til «Etter skuletid»

Vi held fram med tilbodet «Etter skuletid» til elevar på 1. – 4. steget frå skulestart i august 2019.

Dei som skal delta i denne ordninga må vere påmelde på dei dagane dei skal bruke. Vi ynskjer elles tydelege tilbakemeldingar til skulen i god tid dersom elevar som er påmelde ikkje skal nytte tilbodet ein dag. Det er i utgangspunktet ikkje høve til å byte dagar eller få ekstra dagar, men dette kan diskuterast med skulen, og må i så fall også avklarast i god tid på førehand. Dette har samanheng med at vi må sørge for at vi har tilstrekkeleg personale og at personalet skal kunne planlegge ettermiddagsøkta på ein tilfredsstillande måte.

Skulen skal tilby leksehjelp jf. privatskulelova §7 – 1 e. Formålet med leksehjelpa er å gje eleven støtte i læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa, og skal gje eleven hjelp med skolearbeidet. Skulen kan sjølv velje korleis ein organiserer leksehjelpa og vi pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og det tilbodet som vert gjeve. Leksehjelpa skal vere gratis for eleven.

Sidan elevane våre ikkje har tradisjonelle lekser, vert tida nytta til ulike aktivitetar som kan sjåast i samanheng med opplæringa, og gje barna kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid.

Tilbodet blir måndag til fredag kl. 15.00 – 16.15 , og vil følgje skuleruta.

Innhaldet vil variere mellom praktisk arbeid av ulikt slag og meir frie aktivitetar. Praktisk arbeid har ein viktig plass i montessoriskulen.

Viktig å notere seg når de vurdere om dette er noko for dykkar barn:
Dette vil vere eit organisert tilbod, som det er frivillig å delta på, men når ein først har meldt seg på, må ein følgje / velje mellom dei oppsette aktivitetane. De må altså vere trygge på at barnet vil trivast med å vere her ei ekstra økt etter skuleslutt.

NB! Vi gjer merksam på at det ikkje er skuleskyss knytt til denne ordninga.

Vil melde på «Etter skuletid»:

 

Kommentar

Kommentar (tidspunkt, om eleven blir henta eller skal gå heim sjølv, annan viktig informasjon):