fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Inntaksreglement for Holemdal Montessoriskule

Inntaksreglement

§1. Inntaksreglement

Inntak av elevar ved Holmedal montessoriskule skal skje etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar i privatskulelova og det inntaksreglementet som er vedtatt av styret.

§2. Elevinntak

Skulen skal vere open for alle som fyller vilkåra for inntak til offentleg grunnskule. Inntak av nye elevar som bur i skulen sitt omland, skal skje to gonger i året, anten 1. januar eller ved hovudinntaket ved byrjinga av skuleåret i august. Søknadsfrist ved inntak 1. januar er 1. oktober året før. Søknadsfrist ved hovudinntaket ved byrjinga av skuleåret er 1. februar.

Det kan gjerast unntak for elevar som flyttar til skulen sitt omland. Desse kan takast inn gjennom heile året, dersom det er ledig plass ved skulen.  Søknader som kjem inn etter søknadsfristen blir handsama ved neste inntak.

Skulestyret avgjer til ei kvar tid kor mange elevplassar det er er ved skulen, ut i frå tilgjengeleg undervisningslokale og personale ved skulen.

§3. Prioritering av elevar

Dersom det er fleire søkjarar enn elevplassar, skal elevinntaket skje etter følgjande prioriterte kriterium:

  1. Nye førstaklassingar.
  2. Barn som bur innanfor 6982 – området frå Eikenes til Helle ved søknadsfristen.
  3. Barn som har søsken ved skulen.
  4. Barn av tilsette og styremedlemmer.
  5. Barn av foreldre som er innmelde i foreininga Holmedal montessoriskule.
  6. Barn som har hatt søsken ved skulen tidlegare.
  7. Søkjarar som stiller likt etter prioriteringane på denne lista, får elevplass etter loddtrekning.

Det vert presisert at ingen av desse kriteria garanterer for plass ved skulen.

§4. Kunngjering av inntak av elevar

Fristen for hovudinntaket 1. februar skal kunngjerast i lokalpressa og på nettsidene til skulen kvart år.

§5. Inntaksnemnd

Styret kan velje ei inntaksnemnd som skal førebu og gjere innstilling til inntak etter §2,3,6 og 7 i dette reglementet. Rektor gjer så endeleg vedtak om inntak.

§6. Handsaming og kunngjering av inntak

Rektor melder frå om inntaket til dei det gjeld. Melding om inntak skal skje seinast 6 veker etter at søknadsfristen er gått ut. Søkjarar som ikkje har fått plass, blir snarast tilskrivne, med informasjon om at det kan krevjast grunngjeving for vedtaket, at det kan påklagast og om frist for dette. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er klageinstans.

§7. Prioritert venteliste

Som ledd i inntakshandsaminga skal inntaksnemnda om naudsynt utarbeide ei prioritert venteliste som skal leggjast til grunn derosm ein eller fleire som har fått plass likevel ikkje tek i mot plassen. Dersom det i løpet av året vert ledig plass i høve til det elevtalet skulestyret har bestemt, skal den prioriterte ventelista leggjast til grunn for nye inntak.

§8. Oppseiingstid

Elevplassen må seiast opp med 3 månaders varsel, med verknad frå den 1. i påfølgjande månad. Ein må betale for elevplassen i oppseiingsperioden. Dersom elevplassen vert sagd opp etter 1. juni, må ein betale for dei tre første månadene kommande skuleår.

§9. Endring av inntaksreglement

Dette inntaksreglementet kan til ei kvar tid endrast av styret, innanfor rammene av gjeldande reglar i privatskulelova og vedtektene til skulen.



Vedteken av skulestyret ved Holmedal montessoriskule 08.08.2013.