fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Ledig stilling

Vikariat som lærar og/eller spesialpedagog i 50 - 60 % stilling med umiddelbar verknad, t.o.m. 31. juli 2020.

Vi kan tilby:

  • tariffavtale / lønn etter tariff
  • pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • høve til å ta montessoriutdanning og vidareutdanning
  • trivelege, flinke og erfarne kollegaer, mange med tilleggsutdanning i montessoripedagogikk
  • tett samarbeid med kontaktlærarar og fagarbeidar

Vi søkjer allmennlærar som

  • har tilleggsutdanning i montessoripedagogikk (ikkje eit vilkår)
  • gjerne har erfaring frå barneskule og fagkompetanse og/eller erfaring med begynnaropplæring og spesialpedagogikk.
  • har «vi-kjensle», og vil vere med på å vidareutvikle skulen
  • er positiv, fleksibel og kreativ
  • kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • ynskjer å inspirere elevane til utforsking og læring
  • har god relasjonskompetanse

Send søknad med CV til oss pr. e-post eller brev snarast.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Prøvetid 6 månader. Krav om politiattest ved tilsetjing.

For meir informasjon sjå:
heimesida vår: www.holmedalmontessoriskule.no
Montessoripedagogikk: www.montessorinorge.no

Kontaktperson:
Oddveig Lyngstad, rektor, 

m: 995 00 883
e: post@holmsk.no
t: 57 73 42 53

Holmedal montessoriskule
Dalsfjordvegen 3007
6982 Holmedal

Om skulen

Holmedal Montessoriskule vart etablert i 2005 og hausten 2019 har vi 42 elevar, fordelt på 2 grupper frå 1. – 7. klassesteg.

Vi underviser elevane i aldersblanda grupper og nyttar læreplan for montessoriskulen, som byggjer på pedagogikk utvikla av Maria Montessori.

Skulen ligg landleg og idyllisk til i Holmedal ved vakre Dalsfjorden, i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Vi har både fjord og fjell rett utanfor døra, og eit godt opparbeidd uteareal som vi stadig utviklar vidare.

 

Ledige stillingar