fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Foreldreråd

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer av foreldrerådet ved skulen. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma overfor skulen. FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt.

Valordningar

Det er opp til kvar enkelt skule å organisere val av foreldrekontaktar og representantar til FAU. Som regel skjer dette i samband med eit ordinært foreldremøte. Det er viktig at alle foreldre er godt informerte om kva som ligg i det å vere tillitsvald, og at det er ein viss kontinuitet i arbeidsutvalet. Retningslinjer for valordningen bør vere skriftlege og inngå i vedtektene for FAU.

FAU har heimel i opplæringslova § 11-4 / privatskulelova § 5 – 4.

FAU skal representere alle foreldra ved skulen og medverke til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.

Aktuelle oppgåver for FAU

  • FAU bør jobbe for eit trygt og godt læringsmiljø. Trivsel er viktig for læring.
  • FAU kan drøfte forma på tilbakemeldinga elevar og foreldre får på elevane sin faglege og sosiale kompetanse
  • FAU kan jobbe for eit mobbefritt skulemiljø
  • FAU kan ta initiativ til sosiale tiltak for elevane
  • FAU kan halde kurs for foreldrekontaktar
  • FAU kan halde samlingar for foreldre og lærarar
  • FAU kan vere ein informasjonskanal ut til alle føresette

FAU bør samarbeide med både elevråd, leiinga ved skulen, dei tilsette og styret. FAU kan også ha kontakt med lag, organisasjonar og næringsliv i nærmiljøet.

FAU ved Holmedal montessoriskule:

  • Håvard Yndestad (tlf.: 952 91 603)
  • Karianne Rivedal (tlf. 992 40 980)

Desse to representerer også foreldrerådet i styret.

Kontakt skulen

Holmedal montessoriskule
Dalsfjordvegen 3007
6982 HOLMEDAL

Vegskildring