Ledige stillingar
Vi er alltid interessert i å komme i kontakt med deg som har godkjend tilleggsutdanning i montessoripedagogikk, og ynskjer deg velkommen til å sende ein open søknad.
Vi kan tilby:
- tariffavtale / lønn etter tariff
- pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- høve til å ta montessoriutdanning og vidareutdanning
- trivelege, flinke og erfarne kollegaer, mange med tilleggsutdanning i montessoripedagogikk
- tett samarbeid med kontaktlærarar og fagarbeidar
Vi søkjer deg som er allmennlærar eller faglærar, og som:
- har godkjend tilleggsutdanning i montessoripedagogikk
Det er også flott om du:
- har erfaring frå barneskule og gjerne fagkompetanse og/eller erfaring med begynnaropplæring og spesialpedagogikk.
- har «vi-kjensle», og vil vere med på å vidareutvikle skulen
- er positiv, fleksibel og kreativ
- kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- ynskjer å inspirere elevane til utforsking og læring
- har god relasjonskompetanse
Send søknad med CV til oss pr. e-post
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til jobbintervju. Prøvetid 6 månader.
Krav om politiattest ved tilsetjing.
For meir informasjon sjå:
- Heimesida vår: holmedalmontessoriskule.no
- Montessoripedagogikk: montessorinorge.no
Kontaktperson: Oddveig Lyngstad, rektor,
Tel: 995 00 883
e-post: post@holmsk.no
Holmedal Montessoriskule
vart etablert i 2005 og pr. i dag har vi 38 elevar, fordelt på 2 grupper frå 1. - 7. klassesteg.
Vi underviser elevane i aldersblanda grupper og nyttar læreplan for montessoriskulen, som byggjer på pedagogikk utvikla av Maria Montessori.
Skulen ligg landleg og idyllisk til i Holmedal ved vakre Dalsfjorden, i Askvoll kommune i Vestland.
Vi har både fjord og fjell rett utanfor døra, og eit godt opparbeidd uteareal som vi stadig utviklar vidare.
Kontakt skulen
Holmedal montessoriskule
Dalsfjordvegen 3007
6982 HOLMEDAL