fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Historia om skulen

Historia

I desember 2002 kom det første vedtaket i kommunestyret om å legge ned Holmedal skule som offentleg skule. Men vedtaket innebar at vi skulle få ha skulen eitt år til, slik at han først ville bli lagt ned frå 2004. I tillegg vedtok kommunestyret at vi skulle få overta skulen med utstyr og inventar vederlagsfritt.

Det blei då oppretta eit interimstyre for å søkje om godkjenning av ein skule basert på montessoripedagogikk. Dette var tida før den nye friskulelova, og det var fremdeles krav om at privatskular skulle ha ein pedagogikk som var eit alternativ til den offentlege skulen. Vi syntest at montessori verka som eit spennande alternativ som kunne vinne brei oppslutning. Då den nye lova kom i løpet av 2003, bestemte vi oss for å halde på den søknaden vi hadde utarbeida.

Spørsmålet om å legge ned Holmedal skule kom opp att hausten 2003, og vi stifta då Holmedal montessoriforeining for å ha ein formell organisasjon til å eige og drive skulen. Så gjorde kommunen kontravedtak, og bestemte at Holmedal skule likevel ikkje skulle leggast ned. Vi hadde likevel - for å seie det sånn - ein sterk følelse av at saka ikkje var avgjort, og søknaden gjekk sin gang i systemet. Våren 2005 fekk vi søknaden godkjent av departementet. Skulesjefen anka denne godkjenninga til Kongen, men fekk avslag i juni 2005. Dermed hadde vi klarsignal for å starte Holmedal montessoriskule.

I februar 2005 kom vedtaket om å leggje ned Holmedal skule som offentleg skule, og det vart ein hektisk aktivitet for å få montessoriskulen i gang. Vi fekk avtale med Askvoll kommune om leige av skulebygningen i Holmedal mot at vi betalar dei utgiftene kommunen har med bygget, og mot at vi vedlikeheld bygget. Det måtte ordnast ein naudutgang på baksida av "nyeskulen", dette tok kommunen på seg. Foreldre måla klasserom og vindauge, og laga montessorimateriell på dugnad. I byrjinga hadde vi 21 påmelde ungar. I løpet av sommaren melde det seg i tillegg to elevar frå Askvoll krins.