fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Montessoripedagogikken

Montessoripedagogikken

Montessoripedagogikken vart utvikla tidleg på 1900-talet av den italienske legen Maria Montessori, som arbeidde blant gatebarn i Roma. For over hundre år sidan, i 1907, starta ho den første skulen basert på denne pedagogikken.

I dag har montessorirørsla spreidd seg til mange land og i Noreg er det over 100 skular og barnehagar som byggjer sitt arbeid på montessoripedagogikken.

Det tilrettelagde miljøet

Eit fundamentalt prinsipp i montessoripedagogikken er det tilrettelagde læringsmiljøet. Dette omgrepet omfattar ikkje berre omgjevnadene som elevane arbeider i, men også det undervisningsmateriellet dei bruker, læreren og andre vaksenpersonar i miljøet, og medelevane.

Det er viktig å ha ei fullstendig forståing av korleis det tilrettelagde miljøet er med på å utvikle ein god montessoribarnehage og -skule.

Fridom, sjølvstende og orden