fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Fridom, sjølvstende og orden

Fridom, sjølvstende og orden

Maria Montessori hevda at for å kunne kome dei sensitive periodene i barnet sin oppvekst i møte, må ein gje barnet fridom i skulesituasjonen.

Barnet kjenner best sjølv sine behov og interesser. Fridom til å velje arbeidsoppgåve og muligheita til å arbeide uforstyrra i si eiga takt med tilpassa arbeidsmateriell, er nokre av dei viktigaste føresetnadene i montessoripedagogisk metode.

Fridom betyr ikkje i første omgang fridom FRÅ noko, men fridom TIL noko, nemleg arbeid, utvikling og vekst. Eleven får fridom til å handle innanfor klare grenser i et nøye tilrettelagt miljø. Faste grenser må setjast mot destruktive og asosiale handlinger. Ingen sin fridom får gå utover nokon andre sin fridom.

"Vi har for vane å kontrollere barn, men dette kan vere direkte skadeleg, fordi det kan føre til at den spontane aktiviteten deira blir øydelagd. Vår plikt overfor barnet er å hjelpe det til å meistre handlingar som naturen har meint det skal klare." (Maria Montessori, Montessorimetoden 1909)

Fridom er i følgje Montessori nødvendig av følgjande årsaker: Det er berre i ein atmosfære av fridom at elevane viser seg slik dei er, og berre i ein slik atmosfære kan læraren skaffe seg nok kunnskap om elevane til å kunne gje dei den rette hjelpen og stimulansen.

  • Det er berre gjennom fridom til å velje at behova og interessene til elevane vert tilfredsstilt.
  • Det er berre i fridom at elevene utviklar sjølvdisiplin og djup konsentrasjon.
  • Det er berre i fridom at elevene oppdagar sitt potensiale og sine svakheiter og lærer seg sjølv å kjenne.
  • Det er berre i fridom at elevene utviklar sosiale relasjonar og lærer å samarbeide, snakke med kvarandre og hjelpe kvarandre.

I montessoriskulen får elevane denne fridomen. Dei kan velje emne, arbeidsplass og kor lenge dei skal halde på med ei oppgåve. Borna ikke berre FÅR, men BØR, snakke saman om arbeidet sitt. Dei har fridom til å forlate arbeidsplassen og rommet når arbeidsoppgåvene krev det.

Elevane legg opp arbeidet sitt sjølv eller saman med andre, formulerer problema sine og planlegg presentasjonen sin. Her er læreren rettleiar. På denne måten blir elevane ikkje berre passive mottakarar av læraren sine kunnskapar, men tek sjølv ansvar for arbeidet sitt og deltek aktivt i planlegginga. Elevane sin fridom strekkjer seg til at dei får velje KVA dei vil arbeide med, ikkje OM dei vil arbeide. Samtidig er det viktig at læreren grip inn mot alt som motverkar eit godt arbeidsmiljø.

Det som kjenneteiknar ein montessoriklasse - anten barna er i barnehagealder, barneskulen eller ungdomsskulen - er eit yrande liv og samtidig stor ro. Det yrande livet skuldast at barna arbeider individuelt eller i grupper. Det er lite lærarstyrt undervisning. Barna arbeider med det dei sjølv ønskjer, anten dei er 3 eller 13 år gamle. Nokon ligg på golvet med store matematikkprosjekt, nokon sit ved PC-en og studerer geografi. Andre sit i ei lita gruppe rundt et bord og diskuterer et tema. Samtidig er det roleg i klasserommet. Når montessoripedagogikken er etablert, er ingen høgrøysta, barna snakkar med lav stemme. Respekten for arbeidet til medelevane er fundamental. Fordi elevane får jobbe med det dei har behov for, har dei gleda av å kunne konsentrere seg.

Elevane får arbeide uforstyrra i lange periodar, gjerne i 3 timar. Dette gir dei den ro og arbeidsdisiplin som gjer at læringa blir tilpassa det enkelte barn. Vi erfarer som regel at elevar som kjem frå tradisjonell skule treng lang tid - ofte opp til eit heilt år - for å bygge opp ein slik arbeidsdisiplin. Derfor er det viktig at en montessoriskule vert bygd opp frå barnehagetrinnet.

Omgjevnadene