fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Om skulen

Om skulen

Holmedal montessoriskule er ein barneskule som ligg i Holmedal i Askvoll kommune. Pedagogikken er basert på Maria Montessori sine prinsipp og metodar. Skulen vart starta i august 2005.

Skulen er godkjent etter privatskulelova med rett til offentleg stønad. Vi tek 400 kroner per månad i skulepengar per elev. Foreldre får ikkje moderasjon for 2. barn, men frå og med 3. barn og oppover betalar ein ikkje skulepengar. I juli månad betalar ein ikkje skulepengar. Søknadsfrist for opptak ved nytt skuleår er 1. februar.  Søknadsfrist for opptak i januar er 1. oktober (sjå inntaksreglement)

Skuletida er kl. 08.45-14.30, og vi følgjer for det meste same skuleruta som Askvoll kommune, med same fridagar og feriar. Vi har avtale med Askvoll kommune om å nytte bassenget på Askvoll skule til symjeundervisning. Alle elevar hjå oss som bur innanfor Askvoll kommune, har rett til offentleg skuleskyss på linje med elevane i dei offentlege skulane.

Skulen vert driven av ei foreining med same namn. Foreininga er open for alle, og medlemmer til styret vert valde på årsmøte kvart år. Skulestyret saman med rektor er ansvarlege for den daglege drifta.

Kontakt skulen

Holmedal montessoriskule
6982 HOLMEDAL

Fakta om skulen

2005
Grunnlagt
40
Elever
11
Tilsette
1907
Montessori grunnlagt