fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar

Inntaksreglement

§1. Inntaksreglement

Inntak av elevar ved Holmedal montessoriskule skal skje i tråd med § 3- 1 i friskulelova og det inntaksreglementet som er vedtatt av styret.

§2. Elevinntak

Skulen skal vere open for alle som fyller vilkåra for inntak til offentleg grunnskule.

Søknadsfrist for hovudinntak av nye elevar er 1. februar. Skulen vil ta inn elevar fram til skulestart i august. Etter dette vil opptaket vere stengt, med unntaka som følgjer av neste avsnitt:

Det kan gjerast unntak for elevar som flyttar til skulen sitt omland. Desse kan takast inn gjennom heile året, dersom det er ledig plass ved skulen. Det same gjeld elevar ved skular i nærområdet  som vert nedlagde etter  at søknadsfristen er ute. Det kan også gjerast unntak for elevar der det føreligg tilråding om skulebyte frå ein eller fleire av følgjande instansar: tidlegare skule, oppvekstetaten i kommunen, PPT, BUP, helsestasjon eller lege.

Skulen er godkjend for 50 elevar, men skulestyret kan til ei kvar tid avgjere  å sette eit lågare tal elevplassar, dersom dette er naudsynt ut frå tilgjengelege undervisningslokale og personale ved skulen. Det skal i så fall vere tydeleg og offentleggjort kor mange elevplassar skulen har tilgjengeleg.

§3. Prioritering av elevar

Dersom det er fleire søkjarar enn elevplassar, skal elevinntaket skje etter følgjande prioriterte kriterium:

  1. Nye førsteklassingar.
  2. Barn som bur innanfor 6982 – området frå Eikenes til Helle ved søknadsfristen.
  3. Barn som har søsken ved skulen.
  4. Barn av tilsette og styremedlemmer.
  5. Barn av foreldre som er innmelde i foreininga Holmedal montessoriskule.
  6. Barn som har hatt søsken ved skulen tidlegare.
  7. Søkjarar som stiller likt etter prioriteringane på denne lista, får elevplass etter loddtrekning.

Det vert presisert at ingen av desse kriteria garanterer for plass ved skulen.

Etter søknadsfristen er det søknadstidspunktet som er einaste kriteritum for inntak, inntil det evt. er fleire søkjarar enn det er ledige plassar

§4. Kunngjering av inntak av elevar

Fristen for hovudinntaket 1. februar skal kunngjerast i lokalpressa og på nettsidene til skulen kvart år.

§5. Inntaksnemnd

Styret kan velje ei inntaksnemnd som skal førebu og gjere innstilling til inntak etter §2,3,6 og 7 i dette reglementet. Rektor gjer så endeleg vedtak om inntak.

§6. Handsaming og kunngjering av inntak

Rektor melder frå om inntaket til dei det gjeld. Melding om inntak skal skje seinast 6 veker etter at søknadsfristen er gått ut.

Søkjarar som ikkje har fått plass, blir snarast tilskrivne, med informasjon om at det kan krevjast grunngjeving for vedtaket, at det kan påklagast og om frist for dette. Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans.

§7. Prioritert venteliste

Som ledd i inntakshandsaminga skal inntaksnemnda om naudsynt utarbeide ei prioritert venteliste som skal leggjast til grunn dersom ein eller fleire som har fått plass likevel ikkje tek i mot plassen. Dersom det i løpet av året vert ledig plass i høve til det elevtalet skulestyret har bestemt, skal den prioriterte ventelista leggjast til grunn for nye inntak.

§8. Oppseiingstid

Elevplassen må seiast opp med 3 månaders varsel, med verknad frå den 1. i påfølgjande månad. Ein må betale for elevplassen i oppseiingsperioden. Dersom elevplassen vert sagd opp etter 1. juni, må ein betale for dei tre første månadene kommande skuleår.

§9. Endring av inntaksreglement

Dette inntaksreglementet kan til ei kvar tid endrast av styret, innanfor rammene av gjeldande reglar i friskulelova og vedtektene til skulen.

 

Vedteke av skulestyret ved Holmedal montessoriskule  26.04.2021

For skulestyret

John Lien (styreleiar)

Kontakt skulen

Holmedal montessoriskule
Dalsfjordvegen 3007
6982 HOLMEDAL