SFO 2023
Påmelding til SFO
Frå skulestart i august 2023 vil vi gje tilbod om skulefritidsordning til elevar på 1. – 4. steget.
Søknadsfrist for SFO-plass er 1. mars 2023. Søknader mottekne etter fristen vert handsama fortløpande.
Det er frå hausten 2023 innført 12 t gratis SFO for elevar på både 1. og 2. steg (ein må søke for å få dette tilbodet). Skulen har også plikt til å tilby gratis leksehjelp (sjølv om elevane ikkje har lekser). Elevane på 3. og 4. steget vil kunne nytte inntil 8 timar i veka til dette (utan kostnad).
Tilbodet vil avhenge av kor mange som melder seg på, men i utgangspunktet vil vi prøve å gje eit tilbod måndag til fredag kl. 07.30 –08:30 og kl. 14.30–16.00/16.30, og tilbodet vil følgje skuleruta. (det vil komme ein eigen førespurnad i høve til sommar-SFO to veker i løpet av sommarferien, og dette tilbodet er avhengig av at vi har nok påmelde barn for å kunne gjennomføre).
- Kun morgontilbod: 5 t/veke
- Ettermiddagstilbod til kl 16.00: 7,5 t/veke
- Ettermiddagstilbod til kl 16.30: 10 t/veke
- døme: Dersom ein melder barnet på både morgontilbod og ettermiddagstilbod til 16.30 (15 timar), vil det koste 600 kr for barn på 1. -2. steg, og 1400 kr pr. mnd for barn på 3. 4. steg.
- døme : Dersom ein melder barnet på kun ettermiddagstilbod til kl 16.30 (10 timar) vil det vere gratis for barn på 1. -2. steg, og koste 400 kr pr. mnd for barn på 3. -4. steg
- døme : Dersom ein melder barnet på morgontilbod og ettermiddagstilbod til kl 16.00 (12,5 timar) vil det koste 100 kr pr. mnd for eit barn på 1. -2. steg og 900 kr for 3. -4. steg.
Dei som skal delta på SFO må vere påmelde på dei dagane/tidene dei skal bruke. Vi ynskjer elles tydelege tilbakemeldingar til skulen i god tid dersom elevar som er påmelde ikkje skal nytte tilbodet eindag. Dette har samanheng med at vi må sørge for at vi har tilstrekkeleg personale og at personalet skal kunne planlegge på ein tilfredsstillande måte.
Vi kan ved behov også ta inn elevar i enkelte økter, dersom kapasiteten tillet det, men då må dette avtalast seinast dagen før.
Innhaldet vil variere mellom praktisk arbeid av ulikt slag og meir frie aktivitetar. Praktisk arbeid har ein viktig plass i montessoriskulen. Om barna ynskjer å halde på med eit materiell eller arbeid dei er i gang med på skulen, vil det også kunne vere rom for det. Dei som er påmelde morgonøkta, vil kunne ete frukosten sin på SFO.
NB! Vi gjer merksam på at det ikkje er skuleskyss knytt til denne ordninga.
<