Aktivitetar
Foreldremøte
Vi ynskjer hjarteleg velkomne til foreldremøte for gruppe 2
Tysdag 1. september
| 17.00 – 17.40 | Foreldremøte for gruppe 1 |
| 17.40 – 18.50 | FELLES FORELDREMØTE Sarah Kennedy Berge skal vere på skulen og inspirere og rettleie personalet måndag og tysdag, og på foreldremøtet vil ho snakke om sentrale montessoriprinsipp, med fokus på sjølvstende og ansvar, og korleis skule og heim best kan arbeide saman til beste for barnas utvikling og læring. |
| 18.50 – 19.30 | Foreldremøte for gruppe 2 |
Vi er opptekne av å drive skulen i samsvar med montessoriprinsippa, og veit at eit godt samarbeid mellom skule og heim er avgjerande for å få dette til. Arbiedet vårt med eit inkluderande skulemiljø der alle lærer og trivst får vi best til med foreldre/føresette på laget.
Vi håpar på godt frammøte på foreldremøtet, det er viktig for oss og barna!
Vi ber elles om at de set dykk inn i det som er- og blir lagt ut av informasjon om faste rutiner på www.holmedalmontessoriskule.no:
På heimesida finn de mellom anna informasjon om symjetider, skulerute og aktivitetskalender. De finn også skulereglar og plan for eit trygt og godt skulemiljø her. Det er elles sendt ut epost med oversikt over kontaktlærarar.
Vi vil ikkje bruke mykje tid å gå gjennom informasjon som er tilgjengeleg for dykk skriftleg, men det kan vere at de har kommentarar og spørsmål som er viktige å få fram.
Vi er også takksame for om de melder frå om feil eller manglar på heimesida vår, om de oppdagar slikt.