Aktivitetar

Informasjonsmøte / Open skule
Hovudfristen for søknad for kommande skuleåret 2025 – 2026 er 1. februar.
Kvart år arrangerer vi eit informasjonsmøte i forkant av søknadsfristen for dei som ynskjer meir informasjon og innsikt i skulen sin pedagogikk og metode, og elles kvardagen hos oss.
Vi trur og håpar det vil vere spesielt interessant å få ein presentasjon av skulen og pedagogikken for dei av dykk som vurderer om barnet dykkar skal begynne på Holmedal montessoriskule eller om de allereie har bestemt dykk for å søke. Det vil også vere mogeleg å besøke skulen i skuletida etter avtale, for å sjå og observere.
I dette møtet vil vi snakke om og vise litt av korleis vi arbeider med ulike fag og område. De vil få litt innsyn i materiell og miljø, og møte kontaktlærarar i gruppe 1 (1. – 3. steget), og de får også sjølvsagt høve til å stille spørsmål, og forhåpentlegvis få svar på ting de måtte lure på.
De vil også få informasjon om dagsrytme, personale, fag- og timefordeling skyss, SFO etc.
Velkommen til oss!
NB! Vi set stor pris på om de gjev oss ei kort tilbakemelding dersom de ynskjer å komme (send gjerne sms til 99500883). De finn digitalt søknadsskjema og meir informasjon her.
Ta elles kontakt med rektor Oddveig Lyngstad, tlf. 99500883, om de har spørsmål.
Program
16.00 – 17.15 |
Sal av varm mat, saft, kaffi og kaker v/ 7. steg. Ta middagen hos oss! Opne klasserom med høve til å sjå skulemiljøet vårt og prøve materiell. Utstillingar av elevarbeid. |
17.15 – ca 17.45 |
Kulturstund med underhaldning av elevane. Hjarteleg velkommen til hyggjeleg samvere på skulen denne ettermiddagen! 7. steg har ansvaret for maten, og må vere igjen på skulen for å gjere alt klart. Alle andre elevar må møte seinast 16.30. (Det er obligatorisk frammøte, og elevane avspaserer dette i løpet av skuleåret). Alle barn som ikkje er på SFO reiser heim før dei kjem tilbake til skulen. Det er fint om SFO - barna vert henta seinast kl 16 denne dagen. Vi set stor pris på at foreldre tek ansvar for eigne barn i denne økta på skulen, då dei tilsette er opptekne med ulike delar av arrangementet. |
18.00 – 19.00 |
Ei økt med informasjon for føresette til kommande elevar ved skulen. |