Aktivitetar

Infomøte
Søknadsfristen for skuleåret 2024 – 2025 er 1. februar 2024.
Holmedal montessoriskule ynskjer hjarteleg velkommen til informasjonsmøte.
Kvart år arrangerer vi eit informasjonsmøte i forkant av søknadsfristen for dei som ynskjer meir informasjon og innsikt i skulen sin pedagogikk og metode, og elles kvardagen hos oss.
Informasjonsmøtet er først og fremst eit tilbod til dei som ynskjer å vite meir om montessoriskulen, og måten vi arbeider på. Vi trur det vil vere spesielt interessant å få ein presentasjon av skulen og pedagogikken for dei av dykk som vurderer om barnet dykkar skal begynne på Holmedal montessoriskule eller de som allereie har bestemt dykk for å søkje. Det vil også vere mogeleg å besøke skulen i skuletida, etter avtale, for å sjå og observere.
I dette møtet vil vi snakke om og vise litt av korleis vi arbeider med ulike fag og område. De vil få litt innsyn i materiell og miljø, og møte kontaktlærarar i gruppe 1 (1. – 4. steg), og de får også sjølvsagt høve til å stille spørsmål, og forhåpentlegvis få svar på ting de måtte lure på.
De vil også få informasjon om dagsrytme, personale, fag – og timefordeling, skyss, SFO etc.
Før informasjonsmøtet arrangerer vi Julemarknad med mat og kultur, og de er hjarteleg velkomne til å delta i dette arrangementet, om de ynskjer det. På open skule er det høve til å kjøpe rimeleg middag til heile familien frå kl 16 til 17. I dette tidsrommet kan ein også vandre rundt i skulemiljøet og sjå utstilt elevarbeid og bli kjende med skulen. Kl 17 samlar vi oss i gymsalen til ei kulturstund (varer ca 30 – 40 minutt).
Velkommen til oss!
NB: Vi set stor pris på om de gjev oss ei kort tilbakemelding dersom de ynskjer å komme. (send gjerne sms til 99500883).
Ta gjerne kontakt med rektor Oddveig Lyngstad, tlf. 99500883, om de har spørsmål.