Aktivitetar

torsdag, 8. september
Dale
Gruppe-2 Steg-4
Testløpet - teaterfestivalen
-Nokon gonger må ein gjere opprør mot foreldra !
Testløpet er ein familieframsyning om sanning og løgn, tillit og kommunikasjon. Klara er ei 12 år gamal jente med tre foreldre; mamma, pappa og bonusmamma. Ho skal møte dei - og publikum - på friidrettsbana, for å gjennomføre eit viktig testløp. Løpet vil avgjøre framtida hennar som friidrettstalent, og foreldra er spente.
Men Klara dukkar ikkje opp til avtala tid. Ho har valt å gjere noko heilt anna. Foreldra får berre uklare beskjeder om kor ho er. Kva skjer med Klara ? Korleis kan ho velje å skulke eit så viktig løp, og kvifor har ho ikkje sagt noko til foreldra ... ...