Aktivitetar

Foreldremøte
Vi ynskjer hjarteleg velkomne til foreldremøte for gruppe 2
Gruppe 1: Tysdag 30. august, kl 17.30 – 18.30
Gruppe 2: Tysdag 30. august, kl 18.30 – 19.30
Vi er opptekne av å drive skulen i samsvar med montessoripedagogikken og - prinsippa, og veit at eit godt samarbeid mellom skule og heim er avgjerande for å få dette til. Vi er opptekne av å få til ei god lese- og skriveopplæring frå starten av, og då treng vi dykk der heime med på laget. Det same gjeld arbeidet vårt med eit inkluderande skulemiljø; vi treng å arbeide godt i lag med foreldre og føresette for å lukkast med det også.
Vi håpar at alle foreldre har høve til å komme til foreldremøtet som vi arrangerer kvar haust.
Vi ber om at de sjølve set dykk inn i det som er- og blir lagt ut av informasjon om faste rutiner på www.holmedalmontessoriskule.no:
På heimesida finn de mellom anna informasjon om kontaktlærarar, musikkgrupper, symjegrupper og symjetider, skulerute, aktivitetskalender og mykje meir.
Vi vil ikkje bruke mykje tid å gå gjennom informasjon som er tilgjengeleg for dykk skriftleg, men det kan vere at de har kommentarar og spørsmål som er viktige å få fram.
Vi er også takksame for om de melder frå om feil eller manglar på heiemesida vår, om de oppdagar slikt.