fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
fix bar
  • Holmedal montessoriskule
  • Holmedal montessoriskule
  • Holmedal montessoriskule
  • Holmedal montessoriskule
tysdag, 18. september         

Til kalender
Illustrasjon - Open søknad
15.
august
2022

Open søknad

Vi er alltid interessert i å komme i kontakt med deg som har godkjend tilleggsutdanning i montessoripedagogikk, og ynskjer deg velkommen til å sende ein open søknad.

Vi kan tilby:
- tariffavtale / lønn etter tariff
- pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- høve til å ta montessoriutdanning og vidareutdanning
- trivelege, flinke og erfarne kollegaer, mange med tilleggsutdanning i montessoripedagogikk
- tett samarbeid med kontaktlærarar og fagarbeidar

Vi søkjer deg som er allmennlærar eller faglærar, og som:
- har godkjend tilleggsutdanning i montessoripedagogikk

Det er også flott om du:
- har erfaring frå barneskule og gjerne fagkompetanse og/eller erfaring med begynnaropplæring og spesialpedagogikk.
- har «vi-kjensle», og vil vere med på å vidareutvikle skulen
- er positiv, fleksibel og kreativ
- kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- ynskjer å inspirere elevane til utforsking og læring
- har god relasjonskompetanse

Send søknad med CV til oss pr. e-post

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til jobbintervju. Prøvetid 6 månader.
Krav om politiattest ved tilsetjing.

For meir informasjon sjå:

- Heimesida vår: holmedalmontessoriskule.no
- Montessoripedagogikk: montessorinorge.no

Kontaktperson: Oddveig Lyngstad, rektor,
Tel: 995 00 883
e-post: post@holmsk.no


Holmedal montessoriskule
Dalsfjordvegen 3007
6982 Holmedal
Tlf: 57734253

Holmedal montessoriskule
vart etablert i 2005 og pr. i dag har vi 38 elevar, fordelt på 2 grupper frå 1. - 7. klassesteg. Vi underviser elevane i aldersblanda grupper og nyttar læreplan for montessoriskulen, som byggjer på pedagogikk utvikla av Maria Montessori. Skulen ligg landleg og idyllisk til i Holmedal ved vakre Dalsfjorden, i Askvoll kommune i Vestland. Vi har både fjord og fjell rett utanfor døra, og eit godt opparbeidd uteareal som vi stadig utviklar vidare.

Til nyhende
 

Kontakt skulen

Holmedal montessoriskule
Dalsfjordvegen 3007
6982 HOLMEDAL

Vegskildring